Tekst: Tysk folkevise 1600/Bernt Støylen 1906
Melodi: Norsk folketone
Eg veit i himmerik ei borg, ho skin som soli klåre,
der er kje synder eller sorg, der er kje gråt og tåre.
2. Der inne bur Guds eigen Son i herlegdom og æra,
han er mi trøyst og trygge von, hjå honom eg skal vera.
3. Eg er ein fattig ferdamann, må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland. Gud meg på vegen vara!