EG HEV EIN HEIM

Tekst: Anders Hovden etter P.A. Jensen
Melodi: Den fyrste song

1.
Eg har ein heim så god og gild
om han er liten berre.
Eg denne ikkje byta vil
i slottet åt ein herre.

2.
Her har eg far, har eg mor,
her har sysken nette;
her vert det dekt, vårt vesle ord,
vi et oss alle mette.

3.
Lat senga vera halm og strå,
eg lell så trygg meg kjenner;
for mor ho breier kleda på,
og ho har mjuke hender.

4.
Her leiker eg, med’ dagen ild,
med sysken og med frendar,
og om der stundom vert litt strid,
i fred det alltid endar.

5.
Ha takk, min Gud, for gåva kjær,
ho kom frå deg, Vårherre.
Eg fekk det godt, ver du meg nær,
så får eg det ‘kje berre.