Tekst: Elias Blix
Melodi: Adolf Thomsen/Norsk folketone
1.
Å eg veit meg eit land
langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand
mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.
Å eg minnest, eg minnest så vel dette land!
2.
Der eit fjell stig mot sky
med si krone av snø,
og i lauvklednad ny
det seg speglar i sjø,
og det smiler mot strand
med si bringe i brand
i den solklåre kveld.
Å eg minnest, eg minnest så vel dette fjell!
3.
Ja, eg kjenner den stad
der eg stima som gut,
der eg kaua og kvad
so det svara frå nut,
der eg leika og log
i den lauvkledde skog
mellom blomar og blad
Å eg minnest, eg minnest så vel denne stad!
4.
Og når vinden var spak,
for um fjorden eg rundt,
der eg rodde og rak
som ein fiskande glunt.
Der eg leikande låg
og meg vogga på våg
i den nattsol der nord:
Å eg minnest, eg minnest så vel denne fjord!
5.
Med det dårande hav,
som no drøymer so stilt,
vert ei glupande grav
når det reiser seg vilt.
Snart det lokkar og ler,
snart det yver deg slær
og dreg båten i kav.
Å eg minnest, eg minnest så vel dette hav!
6.
I min heim var eg sæl,
- av di Gud var attved,
og eg kjende so vel
kor det anda Guds fred,
når til kyrkja me for,
når me heime heldt kor,
og med moder eg bad.
Å eg minnest, eg minnest så vel denne stad!
7.
Denne heim er meg kjær
som den beste på jord.
Han mitt hjarta er nær,
denne fjetrande fjord,
og det målande fjell
og den strålande kveld,
hugen leikar på deim.
Å eg minnest, eg minnest så vel denne heim!
8.
Og eg lengtar so tidt
dette landet å sjå,
og det dreg meg so blidt
når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår
vert min saknad så sår,
så mest gråta, mest gråta eg kan.
Å eg minnest, eg minnest så vel dette land!