Tekst og melodi: trad
/: Ola Glomstulen hadde ei gammal grå geit :/
−Å kjære mi Kari, gjer pølsa bra feit.−
For i morgon skal Ola Glomstulen gifta seg.
/: Ola Glomstulen hadde ei halv skjeppe malt :/
−Å kjære mi Kari, du bryggjar vel alt!−
For i morgon skal Ola Glomstulen gifta seg.
/:Ola Glomstulen hadde så lang ei brureferd:/
Ho nådde frå Gråten til Solum hjå Blehr
For i morgon skal Ola Glomstulen gifta seg