Tekst og musikk: trad
Og mannen han gjekk seg i vedaskog
hei fara, i vedaskog
Då sat det ei kråke i lunden og gol
hei fara, faltu riltu raltura
Mannen han tenkte med sjølve seg
hei fara, med sjølve seg
Skal tru nå den kråka vil drepe meg?
Hei fara, faltu riltu raltura
Og mannen han spente sin boge for kne
hei fara, sin boge for kne
Så skaut han den kråka så ho datt ned
hei fara, faltu riltu raltura
Av skinnet så gjorde han tolv par skor
hei fara, han tolv par skor
Det beste paret det gav han til mor
hei fara, faltu riltu raltura
Av tarmane gjorde han tolv par reip
hei fara, han tolv par reip
Og klørne han brukte til møkka-greip
hei fara, faltu riltu raltura
Og nebbet det brukte´n til kyrkje-båt
hei fara, til kyrkje-båt
Så dei kunne ro både til og åt
hei fara, faltu riltu raltura
Av augo så gjorde han stoveglas
hei fara, ja stoveglas
Og nakken han sette på kyrkja til stas
hei fara, faltu riltu raltura
Og den som ikkje kråka kan nytta så
hei fara, kan nytta så
Han var ikkje verd ei kråke å få
hei fara, faltu riltu raltura