Tekst: P. Hognestad
Melodi: M. Prætorius
1.
Det har ei rose sprunge ut av ei rot so grann,
som fedrane har sunge av Jesse rot ho rann.
Og var ein blome blid
midt i den kalde vinter ved mørke midnatts tid.
2.
Om denne rosa eine er sagt Jesajas ord,
Maria møy den reine, bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunns makt
det store under gjorde som var i spådom sagt.
3.
Guds rose ljuvleg angar og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar, ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein frelsar, og natti vart til dag.