DET LYSER I STILLE GRENDER
Tekst: Jakob Sande
Melodi: Lars Sørås
1.
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa hel3d.
2.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar,
som barn i ein vesal stall.
3.
Der låg han med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
4.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.