Tekst og melodi: Norsk folketone
1.
Eg heiter Håvard Hedde og er so ven ein kar;
no vil eg burt og gifta meg og rydje meg ein gard.
Refreng
−Eg bur opp under fjell,
og gjenta hev eg lova; eg svik ho inkje hell.
2.
Eg heiter Håvard Hedde og bur oppunder nur;
No vil eg bort og gifta meg, eg vil kje ganga gut.
−Eg bur opp under fjell osb.
3.
Garden den er liten, men skogen, den er god;
der heve eg tvo furor, og dei skal stå i ro.
−Eg bur opp under fjell osb.
4.
Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på,
so høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.
−Eg bur oppunder fjell osb.
5.
Men når me verte gamle, og kvar skal hava sitt,
so høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt.
−Eg bur opp under fjell osb.
6.
Det var no ikkje undrands at Håvard totte vondt;
han reiste ifrå Lanjei den myrke haustenott.
−Eg bur opp under fjell osb.
7.
Han reiste ifrå Lanjei, og då vart gjenta fest;
men det var med ein annan, det hev han trega mest.
−Eg bur opp under fjell,
og jenta hev eg lova - ho sveik meg likevel.