Tekst: Ivar Aasen
Melodi: Norsk folketone
1.
Dei vil alltid klaga og kyta,
At me ganga so seint og so smått:
Men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
Me skal koma, um ikkje så brått.
2.
Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
- Som no ingen kan undrast oppå
Men det monar då jamt, ja det monar,
So det stundom er Hugnad aa sjaa.
3.
Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
At me ikkje so høgt måtte stiga,
At me gløyma vår fedrane-sed.
4.
Lat oss ikkje forfedrane gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein arv til å gøyma,
han er større, enn mange vil tru.
5.
Lat det merkast i meir enn i ordi,
at me halda den arven i stand,
at nårr federne sjå att på jordi,
dei kann kjenna sitt folk og sitt land.