HANDA HANS FAR MIN

Tekst: Anders Hovden
Melodi: K. Svensen

1.
Handa hans far min var sliten og hard
og skrukkut som gammalt horn,
ho fekk si bragd på den magre gard
i træling for kona og born.

2.
Fekk ho sin svip av den tungføre år
i andror so mang ei stund,
og jamt om natta ho var så sår,
hans auga det fekk ikkje blund.

3.
Handa hans far min, eg gløymer kje ho
med fingrane krøkt’ av mein,
ho ligg og skin i mitt minne no
so fin som ein perlestein.

4.
Tidt når eg veiknar, og båten driv av,
eg tykkjer hans trugne hand
enn ror ved sida mot straum og hav
og bergar meg båten i land.