PER SPELMANN

Norsk folketone


1.
/: Per spelmann han hadde ei einaste ku. :/
/: Han bytte bort kua, fekk fela igjen! :/
«Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»

2.
/:Per spelmann han spela og fela ho lét, :/
/: så gutane dansa og jentene grét. :/
«Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»

3.
/: «Og om eg vert gammal som stein under bru, :/
/: så aldri eg byter bort fela for ku. :/
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»

4.
/: «Og om eg vert gammal som mose på tre, :/
/: så aldri eg byter bort fela for fé. :/
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»

5.
/: «Og om eg vert gammal som skorpe på graut, :/
/: så aldri eg byter bort fela for naut. :/
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»