Vestlandet

DEN FYRSTE SONG

Tekst: Per Sivle
Melodi: Lars Søraas 

1.
Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga.

2.
Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

3.
Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila,
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

4.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar.




ANNE KNUTSDOTTER

Tekst: C.P. Riis
Melodi: Norsk folketone

1.
Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi mor,
og Truls han er min bror;
vi bur oppå ein plass der som ingen skulle tru
at nokon kunne bu.
Og plassen heiter Uren, Luren, Hummelturen.
Steinrøys Steinrøys, Sveltihjel!

2.
Ja, plassen ligg så høgt, høgt oppi i ei ur
alt under berge-mur;
og det er ikkje meir enn at vi på simpel vis
kan fø to kyr og ein gris!
Og kyrne heiter Dagros, Fagros, gamle Fagros,
grisen heiter Giss, Giss, Giss!

3.
Og heile dalen ser vi der oppe hjå oss godt,
men all ting er så smått,
for folka dei er slett ikkje større enn som så -
der nede vi kan sjå.
Og plassen heiter Uren, Luren, Hummelturen.
Steinrøys Steinrøys, Sveltihjel!

4.
Om sommar’n er det moro å gå og sanke bær
i munn og neverkopp;
på stove-taket veks det to unge hegge-kjerr,
som geita eter opp.
Og geita heiter Snøgga, Stygga, Lurverygga,
høna heiter Tipp, Tipp, Tipp.

5.
Og vinteren kan jamt ikkje vera oss for god
med frost og fokk og snjo.
Då kan det ofte over dei fjorten dagar gå
som vi ikkje folk får sjå.
Og plassen heiter Uren, Luren, Hummelturen.
Steinrøys Steinrøys, Sveltihjel!

6.
Og far min han er kramkar, han strevar trottug nok
og fer såvidt omkring;
ho mor ho stellar huset, eg spinner på min rokk,
men han Truls gjer ingen ting.
(Truls er no óg berre fire år.)
men plassen heiter Uren, Luren, Hummelturen.
Steinrøys Steinrøys, Sveltihjel!