Natt

SÅ GÅR EIN DAG

Tekst: Etter J. O. Wallin ved T. Bjerkrheim
Melodi: J. G. C. Størl

1.
Så går ein dag enn frå vår tid,
og aldri kjem han att.
Og atter sig i kveldsfred blid,
til jordi ned ei natt.

2.
Men du den same er og var
vår Gud i nåde stor
og i di bok du teikna har
vårt dagetal på jord.

3.
Eg gjev meg trygt min Gud til deg
når soli frå oss flyr
og hjartaglad eg lovar deg
når dagen atter gryr.



STILLE NATT

Tekst og melodi: L. van Beethoven

1.

Stille natt, o, senk deg blid
over jordens storm og strid,
Send din trøstefulle fred
til mitt trette hjerte ned.
Alt vinker fra det fjerne
Vennlig meg nattens stjerne, 
akk, om jeg kunne, gjerne vandret jeg dit!

2.
Hist fra kjærlighetens hav
lik et sakte sukk ved grav
harpetoner milde gå
til mitt hjertes dunkle vrå.
Klart skinner nattens stjerne,
vinkende mot det fjerne -.
Akk, om jeg kunne, gjerne vandret jeg dit!



DEN FYRSTE SONG

Tekst: Per Sivle
Melodi: Lars Søraas 

1.
Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga.

2.
Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

3.
Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila,
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

4.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar.