Tekst: Ivar Aasen
Melodi: Ludv. M. Linderman.
1.
Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og set sjølv sine hus oppå deim
2.
Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt
"Lat oss rydja og byggja oss grender,
Og så eiga me rudningen trygt."
3.
Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken den ville han sjå.
4.
Fram på vetteren stundom han tenkte:
Gjev eg var eit varmare land!
Men når vårsol I bakkane blenkte,
fekk han hug till si heimlege strand.
5.
Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blommar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.