Tekst: Aa. O. Vinje
Melodi: Norsk folketone
1.
Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
/: og best eg ser deg når mørkt det er. :/
2.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
/: som skuggen gjeng etter soli si. :/
3.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d’er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te;
/: men snart eg sig atter ende ned. :/
4.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar;
når sumt der borte eg ser seg snu,
/: eg kvekk og trur det må vera du. :/
5.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d’er deg eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og fele-låt,
/: men endå best i min eigen gråt :/