SMÅSPORVEN GJENG I TUNET

Tekst: Arne Garborg
Melodi: Catharinu Elling

1.
Småsporven gjeng i tunet
og tippar korn og ribbar strå
og hev so god ei une
og lær åt katten grå.
Pip, pip, det so seg lagar
alle dagar,
at Monsemann meg jagar,
men kan meg aldri få.

2.
Eg er så lett på vengen
og Mons må sleikje seg om trut;
kvitt, kvitt, den gamle drengen,
han fekk so mang ei sut.
Og om i vide ringar
hauken svingar,
eg bort meg kverv og kringar
og slepp av leiken ut.

3.
Eg lever dagar lette
og er fonøgd , å ja, å ja!
Kvar deg eg fær min mette
som eg det vil ha.
Pytt, pytt, kven spør om føda?
Nok i løa!
Der ligg den rike grøda;
der kan eg berre ta.

4.
Og tidt eg fær i joli
ein godbit fin av Veslemøy;
og frys det, hev eg skjol i 
det gode varme høy.
Og so - kvitt-kvitt, godmår'n!
/: så kjem våren; :/
då fri på vengen boren
eg bygger reir på øy.