Kjærlighet og vennskap

DEN FYRSTE SONG

Tekst: Per Sivle
Melodi: Lars Søraas 

1.
Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga.

2.
Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

3.
Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila,
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

4.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar.




BLÅMANN

Tekst: Aa. O. Vinje
Melodi: Anne Haavie

1.
Blåmann, Blåmann, bukken min,
tenk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld.

2.
Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mund' sjå
liksom der var fare på. 

3.
Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.

4.
Når eg låg som blind og dauv,
grov du på meg med di klauv;
ja, du ville vekkja meg
opp til leiken din med deg.

5.
Du var sprek og glad og god,
all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg:
«Han veit meir enn mata seg.»

6.
Blåmann, Blåmann, svar meg no,
mekra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min,
må du døy frå guten din.




ASTRID, MI ASTRID

Tekst: H.Hanson

Melodi: Norsk folketone

 

1.
Astrid, mi Astrid, som eine heldt tå meg,
den tid du var meg så inderleg god!
Den tid du gret kvar ein gong eg gjekk frå deg,
som var kvar laurdagskveld, mins du det no?
/: Då var i bygdas den sælaste gut,
ikkje eg bytte med prest eller fut. :/

2.
Venar' enn sola som glar bakom fjellet,
det er han Torgrim, kan eg seia deg;
og du argar’ enn villaste trollet,
falskar’ enn skumet på vatnet mot meg.
/: – Men eg er likvel di trugnaste møy,
berre med deg vil eg leva og døy. :/