Tekst: norsk folkevise
Melodi: norsk folketone
1.
Eg gjette Tulla i femten år,
eg passa vel på Tulla;
eg gjette bort både lam og får,
men endå hadde eg Tulla.
Å hei, å hå, det får så gå!
Eg tregar meste på Tulla,
for ho var krulla i ulla.
2.
Eg gjette Tulla borti ei li,
det var så lite til beite,
eg gjekk og lokka på Tulla mi
og etter graset mun leite.
Å hei, å hå osb.
3.
Og så kom skrubben laskande fram,
då fekk eg kjøpmann til Tulla,
og akkederinga var kje lang,
og pengan’ var kje mange.
Å hei, å hå osb.
4.
Eg fekk kje meire av Tulla mi
enn ein liten flekk utav blodet.
No kjem eg aldri til Fagerli
om der er gras nok og groe.
Å hei, å hå osb.